
På torsdag var eg utsendt frå ambassaden, som ambassadens kulturattaché (!) i dress og slips for å overvære åpninga av den norske filmsyklusen på Cinemateket. Filmen starta 21:30, og før visninga blei eg tatt i mot av sjefen sjølv, og vi måtte venta utanfor kinosalen til bjella hadde ringt to gonger, og vi konverserte mens fotografen tok bilder. Direktøren hadde førebudd seg godt, og sjekka faktaopplysningane sine hos meg før vi gikk inn. "Det stemmer at Tancred Ibsen var sønnesønn av både Ibsen og Bjørnson, ikke sant?"
Og plutselig dukka Tiago, min brasilianske venn, opp! Eg hadde invitert han, men rekna ikkje med at han kom. Litt komisk situasjon, "give me five" liksom mens eg sto der med den 70 år gamle direktøren og venta på å bli innkalt.
Så gikk vi inn, og direktøren holdt ein lang introduksjon for dei fem som satt i salen om norsk film, Tancred Ibsen, klassisk cinematografi osv. osv.
Så gav han mikrofonen til meg, og eg hadde heldigvis forberedt meg, så eg takka og bukka, og på vegne av den norske stat var eg veldig beæra osv. osv.
Så satte eg meg med Tiago og pusta ut. Han applauderte.
Så satt vi og såg "Fant" med Alfred Maurstad i hovudrolla, med sjøfantar og sørlandsidyll og det eine med det andre.
Ganske spesielt å sitte i eit ærverdig gamalt filmteater i Lisboa og sjå på ein gamal norsk filmklassikar.