torsdag, mars 30, 2006

Madrid




I helga var vi i Madrid! Vi fekk veldig billige billettar gjennom Vueling, og Bárbara hadde lyst til å dra på ei interiørdesign-messe. Vi budde på fint hotell den første natta, med ordentleg designrom og superhipt interiør. Dei to siste nettene sov vi på 1-stjerners pensjonat litt lenger unna sentrum. (På avstand såg det ut som at skiltet hadde to stjerner, men det viste seg å vere 1 stjerne + 1 katt. Lurt triks.)


Madrid er totalt forskjellig frå Lisboa. Kan minne litt om Paris, i og med at den er stor, bråkete, stappfull av folk til alle tider, dårleg luft og med svære ærverdige avenyar og bygg. Her i Lisboa kan du stå midt i sentrum og få oversikt over heile byen, i tillegg har dei vatn, medan i Madrid måtte vi gå med kart i handa heile tida, og du får aldri oversikt. Madrilensarane er forskjellige også, på ein måte er dei meir "europeiske" i og med at det er mykje mote, mindre skjorter og slips slik som her i Lisboa. Samstundes er dei veldig spanske, for eksempel i matvegen. Dei ét jo middag halv tolv på kvelden, så ein kan fint bestille bord klokka ni berre ein er ute av restauranten innan klokka 11...

Sosialt

Vi har gjort mykje i det siste. Sist fredag spiste vi lunsj med Geraldine på fredag, og på laurdag hadde vi ambassadesekretæren og hans kone og datter på lunsj hos oss her i Barreiro. Det er veldig trivelege folk, omtrent på vår alder. Vi prata og sang barnesongar og spiste god bacalhau som Bárbara sin bestemor hjalp til å lage dagen i forvegen. Det hender ofte ho er innom oss på veg heim frå jobb og når vi er heldige så lagar ho mat til oss.

Så hadde vi middagsbesøk av ei av Barbara sine forlovarar, Iracema og søster hennar Juseneide (stilige navn?) og to yngre og ganske fåmælte brødre. Dei er eigentleg frå Angola, men har budd her i Portugal i mange år for å studere, med hjelp av foreldra som bur i Angola.

Iracema har nyleg fått seg fast jobb som lege og skal snart velje kva felt ho skal spesialisere seg på.

mandag, mars 20, 2006

Geraldine


meg og geraldine
På laurdag traff vi Geraldine, den brasilianske vertssøstera mi, og dotter hennar Isabela på seks, og som ikkje var fødd sist gong vi møttest. Det er no 11 år sidan eg dro til Brasil for første gong og stifta bekjentskap med familien Killing, lærte meg portugisisk, reiste rundt og opplevde ein heil masse ting. Det var eit svært triveleg gjensyn, vi spiste lunsj og prata om laust og fast. Ho er her på grunn av ektemannen, som spelar volleyball på Benfica.

torsdag, mars 16, 2006

Mussulo


Vi var på afrikansk diskotek i går. Mussulo er eit av dei mest kjente (i tillegg til å vere namnet på ei øy i Angola) og onsdag er tydelegvis "lille lørdag" her nede også. Det var moro, nesten som eit vanleg diskotek, berre med festlegare musikk og stiligare folk enn i Norge. Flinkare til å danse er dei óg.

I retten


Var i retten i Setúbal i går for å følge opp ein norsk statsborgar som er fengsla og tiltalt. Det er ein stor smuglersak med 47 tiltalte og like mange advokatar. Eg fekk vere med i bua til den danske tolken som sat der og simultantolka. Endeleg fekk eg sett ein portugisisk rettssak, etter å ha vore i ein del norske rettssalar. Som forventa har dei eit litt laust forhold til tid, og det var eit par advokatar som kom ein time for seint, tok ein time ekstra lunsj, osv. Og sjølve rettsmøtet var ca ein og ein halv time forsinka. Elles hadde eg forventa eit gubbevelde av advokatar, men halvparten var unge damer.
Dei har smugla alkohol ut av landet skjult i tankbilar, og den portugisiske stat ser svært alvorleg på avgiftsunndragelse.

Tolken sa han har blitt hyra fram til oktober...
Ein lang dag. Eg må ut tid seinare også for å bevitne sjølve forhøret av nordmannen.
Artikkel i avisa

mandag, mars 13, 2006

Lunsj

På fredag var eg og førstesekretæren på lunsj i ambassadøren og hans frues residens. 

onsdag, mars 08, 2006

Fullt opp med jobb II

Leverte utkast til masteroppgåva i går. I tillegg har eg eit stort dokument å oversette, frå engelsk til portugisisk... Eg har to oppgåver å levere til tolkeutdanninga i Bergen, og i tillegg skal eg levere ein jobbsøknad. Typisk at alt hopar seg opp.

UNESCO


UNESCO sin verdskonferanse om kunst i utdanninga blir arrangert rett ned i gata for ambassaden, på Centro Cultural de Belém. 10 nordmenn, frå Kunnskapsdpt., kulturrådet etc. er med konferansen, og vi hadde ein felles lunsj med dei i går i Belém. Konferansesenteret er kjempestort, og konferansen har massevis av deltakarar, med simultantolking og greier. Mange gullkorn har blitt levert

onsdag, mars 01, 2006

Retten

Skal i retten i morra. Følge opp ein nordmann som er fengsla her nede. I helga var det forresten karneval her nede. Ikkje sånn som i Brasil, her er det mest for barn, så det blir ein ganske bleik kopi av det opptoget i Rio.