mandag, april 24, 2006
fredag, april 21, 2006
Cinema Paradiso
Denne veka har min overordna vore bortreist, så eg har hatt mange oppgåver, telefonar å ta, e-postar å skrive, og møter eg måtte gå på aleine. Eg var litt spent foran Cinemateket-møtet. Sist gong vi var på møte for to månader sidan, var filmpresidentens kontor litt som å vere på audiens hos Don Corleone i Gudfaren. Men det gikk bra. I dag var eg observatør i ei styringsgruppe som skal vurdere prosjektsøknader til EØS-pengar. Puh!
torsdag, april 20, 2006
Påsketur

Planene våre om å dra nordover til Porto gikk i vasken, og det same gjorde planen om å dra sørover til Algarve. Så då drog vi på dagstur til Óbidos, rett nord for Lisboa. Ein fantastisk fin middelalderby omgitt av ein bymur. Det er ulovleg å køyre bil innanfor bymurane, og det går an å gå langs muren og nyte utsikten.
Vi fekk med oss ein gratis klassisk konsert i kyrkja med vokal og piano. Fine greier.
tirsdag, april 11, 2006
Økonomisk samvelde
Det var eit stort seminar for søkjarar til EØS-finansieringsordningane i Portugal forrige veke, som vi på ambassaden har jobba mykje med. Det kom fire-fem folk frå EFTA nedover og seminaret blei ein suksess med stappfullt auditorium.
Besøk til ambassaden innebér sjølvsagt middagar, og eg har no vore på endå ein fin portugisisk restaurant. Etter seminaret var det uformell middag i ambassadørens og hans frues residens. Med treretters middag, bordkort med gullskrift og anonyme kelnarar.

fredag, april 07, 2006
Eldreutflukt
På søndag var vi på utflukt med bestemor. Vi blei henta av turbussen klokka halv åtte, og fekk sitje fremst i dobbeldekkaren på veg til ukjent destinasjon. Det var ca. 50 deltakarar på utflukten, organisert av ein eldre ildsjel i lokalsamfunnet. Det var åpenbart mindre viktig korhen vi skulle, for bestemor var ikkje sikker. Men det skulle bli lunsj og middag og mykje skravling. Vi hadde fin utsikt frå bussen, men det var tøft å måtte utstå ein og ein halv time med portugisisk dansebandmusikk.
Så kom vi fram, det var ein fin restaurant der det sto fem andre turistbussar stappfulle av eldre. Så spiste vi lunsj, drakk kaffi, prata, høyrte på portugisisk dansebandmusikk, dansa litt, prata litt. Så spiste vi middag, drakk kaffi, prata, slappa av, så drog vi heim. Noko som innebar nye 90 minutt med portugisisk dansebandmusikk.