onsdag, juni 07, 2006

Siste dag

Eg har bunkar igjen å arkivere, det kjem eg til å legge godt skjult. Eg har to timar på meg til flyet går, og er litt stressa. Men eg er glad for at vi skal heim, sjølv om det har vore fint her nede.

Dermed erklærer eg bloggen "diplomatix" for avslutta. Takk for meg.

Ungdommen

På søndag var vi ute og gikk ein tur, og i parken i Barreiro var det ungdomsmønstring med hiphop og rap frå ei svær scene. Morsomt å sjå portugisisk ungdom, frå alle verdshjørner, som viser sine kunster. Fin avslutning på opphaldet her nede.

En reise i norsk film II

På mandag var eg eskorte for Filminstitutt-folka på møter og sightseeing i Lisboa i 35 graders varme. Så var vi på mottakelse i Setúbal, før vi klokka halv ti på kvelden dro på ny mottakelse ved Cinemateket i Lisboa. Cinemateket var merkelege som vanleg, sjefen var "sjuk" og kom ikkje, det var totalt 6 personar på mottakelsen, inkludert oss frå ambassaden, og dei hadde innleid to fotografar.

Filmen "Gategutter" frå 1949 var heller ingen höjdare, men det var morsomt å sjå Pål Bang-Hansen som gategutt.

Men Tiago dukka opp igjen, trufast filmfan som han er.

lørdag, juni 03, 2006

Terje Vigen

I går var det ein hektisk, men fantastisk fin dag. Vi dro ut på flyplassen i to-tida og henta først direktøren for filminstituttet, og så kjørte vi innom hotellet der Ketil Bjørnstad budde, og deretter vidare til Setúbal. Veldig trivelege, pratsomme folk. I Setúbal hadde vi lydsjekk og møtte leiinga for filmfestivalen, og så tok vi det med ro til kvelden.

Barbara kom klokka åtte, og då klokka nærma seg ni, var det allereie stappfullt i kinosalen.

Så følgde ei høgtideleg åpning av festivalen, på portugisisk og engelsk, og så gjekk lerretet til side, vi fekk sjå filmen Terje Vigen frå 1917 med livemusikk framført av Ketil Bjørnstad på flygel frå scena.

Det var trampeklapp i salen, og fleire var rørt til tårer. Ei ekstraordinær filmoppleving.

Etterpå presenterte regissør Bent Hamer filmen Factotum, og deretter vart den norske delegasjone geleida ut for å spise middag. Meg og Barbara satt ved sidan av Ketil B., og all praten gjekk på norsk. Hatten av for Barbara! Vi dro heim seint på kvelden, og var einige om at det hadde vært ein fin kveld.

Fant på Cinemateca


På torsdag var eg utsendt frå ambassaden, som ambassadens kulturattaché (!) i dress og slips for å overvære åpninga av den norske filmsyklusen på Cinemateket. Filmen starta 21:30, og før visninga blei eg tatt i mot av sjefen sjølv, og vi måtte venta utanfor kinosalen til bjella hadde ringt to gonger, og vi konverserte mens fotografen tok bilder. Direktøren hadde førebudd seg godt, og sjekka faktaopplysningane sine hos meg før vi gikk inn. "Det stemmer at Tancred Ibsen var sønnesønn av både Ibsen og Bjørnson, ikke sant?"
Og plutselig dukka Tiago, min brasilianske venn, opp! Eg hadde invitert han, men rekna ikkje med at han kom. Litt komisk situasjon, "give me five" liksom mens eg sto der med den 70 år gamle direktøren og venta på å bli innkalt.

Så gikk vi inn, og direktøren holdt ein lang introduksjon for dei fem som satt i salen om norsk film, Tancred Ibsen, klassisk cinematografi osv. osv.

Så gav han mikrofonen til meg, og eg hadde heldigvis forberedt meg, så eg takka og bukka, og på vegne av den norske stat var eg veldig beæra osv. osv.

Så satte eg meg med Tiago og pusta ut. Han applauderte.

Så satt vi og såg "Fant" med Alfred Maurstad i hovudrolla, med sjøfantar og sørlandsidyll og det eine med det andre.
Ganske spesielt å sitte i eit ærverdig gamalt filmteater i Lisboa og sjå på ein gamal norsk filmklassikar.

torsdag, juni 01, 2006

En reise i norsk film

I kveld blir det visning av "Fant" frå 1937 på Cinemateket. I morra skal vi hente Ketil Bjørnstad på flyplassen og ta han med til Setúbal, der han skal kompe "Terje Vigen" frå 1916. Det blir stilig.

Programmet for Cinemateca

Festroia-festivalen i Setúbal

VM bl.a.

Traff min brasilianske venn Tiago her om dagen, vi studerte musikologi saman her i Lisboa. Fantastisk fin fyr, morsom og pratsom. Typisk Rio-folk. Han sa han var interessert i å komme og sjå på norske gamle filmar i helga.

Som han sa, så har Norden rykte på seg for å vere bra på det meste, så då må jo filmane vere bra.

Den 11. juni skal Angola og Portugal spele saman. Mirakuløst nok har Angola kome til VM, og endå meir mirakuløst har dei hamna i samme gruppe som Portugal. No kan ein få kjøpt angolanske og portugisiske flagg på alle gatehjørner.